Bjoa - Haugesundkameratene 1 - 2 (0-1)
Av: Trygve Hetland 22.09.2000

Nok ein kamp tapt med eitt mål der spelet hardna til utover i 2. omgang.

Bjoa Stadion 9. september

Gjestene leia 1 - 0 til pause, la på til 2 - 0 i 2. omgang, før Roy Erik Hetland Reduserte til 1 - 2 eit kvarter før slutt. Fleire mål vart det ikkje.

Bjoaspelarane var skuffa over dommaren, Sjur O. Eide, Grann. Kam., som let haugesundarane fortsetja det harde og stygge spelet etter å ha blitt tildelt gult kort. Heldigvis vart ingen hardt skadde, og Bjoa-spelarane var for gode til å vera med på "grisespelet", men poeng vart det ikkje til Bjoa.