Bjoa - Falkeid 4-1 (1-0)
Av: Trygve Hetland 28.08.2000

Bjoa vann 4-1 over Falkeid på Bjoa Stadion etter ein god 2. omgang.

Endeleg var det Bjoa sin tur til å laga mål tidleg i ein kamp. Alt før minuttet var passert sette Øystein Sandsgård inn 1 - 0 frå skrå vinkel. Men utover i kampen var det mykje som ikkje stemte for Bjoa-laget. Rett nok hadde Bjoa 3 - 4 gode sjansar til avslutningar, men utteljingar vart det ikkje.



Falkeidspelarane var flinke til å hindra Bjoalaget i å få flyt i pasningsspelet, og då stemte heller ikkjje løpa framover for Bjoaspelarane. I tillegg var det uvanleg mange feilpasningar.
Og då falkeid utlikna etter 5 minutt i 2. omgang sto kampen og vippa, men Bjoaspelarane viste god kampvilje, og Dagfinn Knutsen si fine forsering på venstresida sette Frode Berge i mål etter 16 minutt.



Inge Espenes var på fleire raid frå forsvarsposisjon, og etter 20 minutt vart han spela gjennom og sette inn 3 - 1. I det aller siste speleminuttet lobba Tommy Dommersnes inn 4 - 1 frå midtbaneposisjon. Dermed drog Bjoa i land ein fortent og viktig siger i den svært jamne serien.



Bjoa sitt lag mot Falkeid:


Stig Dommersnes, Frode Berge, Tormod Sandsgård, Inge Espenes, Dagfinn Knutsen, Tommy Dommersnes, Øystein Sandsgård, Bjørn Helge Sandsgård, Roy Erik Hetland, Roger Rolfsnes, Jøran Sørensen, Roald Sandsgård, Kenneth Knutsen, Jostein Knutsen, Edmund Steinsland, Ole Bjørn Bjordal.




Grannar-stjerner: 3 - Øystein Sandsgård, 2 - Tormod Sandsgård, 1 - Frode Berge