Bjoa tapte 0-1 mot Djerv 1919
Av: Trygve Hetland 08.08.2000

Stor innsats, harde duellar, men få målsjansar til begge laga i første haustkampen

Det såg ut til å bli mållaust mellom laga heilt til bare 3 minutt sto att. Ballen var omlag på 16-meteren, fleire spelarar frå begge laga var involverte. Brått misforsto to Bjoa-spelarar kvarandre, og ein Djerv-spelar fyrte ballen i mål. Dermed stakk Djerv 1919 av med viktige 3 poeng.



Som venta vart det eit tett og jamnt oppgjer. Bjoa hadde nokre gode inlegg frå venstre sida i 1. omgang, men det var ingen som greidde å nå fram til avslutningar. Gjestene hadde lite å visa framfor Bjoa-målet.

Også i 2. omgang var det lite angrepsfotball frå begge laga si side. Ingen ønska å tapa.



Bjoa sitt lag mot Djerv 1919:

Stig Dommarsnes 1. omg (Roald Sandsgård 2. omg), Tormod Sandsgård, Åge Solberg, Inge Espenes, Dagfinn Knutsen, Frode Berge 1. omg (Jostein Knutsen 2. omg) Øystein Sandsgård, Bjørn Helge Sandsgård, Roger Rolfsnes (Tommy Dommersnes 30 min), Jøran Sørensen



Grannarstjerner: 3 - Tormod Sandsgård, 2 - Inge Espenes, 1 - Bjørn Helge Sandsgård