Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Hurtigbåten til Ølen
Av: Terje Hermansen 01.02.2003

Er hurtigbåten til Ølen kun for dei som bur i kommunen, eller er Ølen eit kommunikasjonsknutepunkt for eit større oppland ?

Ser at diskusjonen om hurtigbåten er tema att. I debatten om stoppestader er det først viktig å få avgjort kven hurtigbåten er til for ? Er den kun for ølensbuane, eller skal den dekka reisetrongen for folk i eit større distrikt. Kan hende denne debatten får eit litt anna innhald etter at Ølen gjekk over til Rogaland, men eg trur ikkje det.
I kommuneplanen til Ølen og fylkesplanen til Hordaland har det vore satsa på at Ølen er eit kommunikasjonsknutepunkt. Ja i 2002 var det 16000 reisande over Ølen med båt, og Hordaland deltok med 1,8 millionar i den nye terminalen i sentrum. Eg trur at dette er rett satsing, og at ein må stå på for å vidareutvikla dette. At det no i overgangen til Rogaland har kome litt rusk i systemet får ein ta med seg og ordna opp i. Viktig for Ølen er at rutene legg opp til at det er råd å reisa, då tenker eg på god korrespondanse mellom buss og båt. Dette er ikkje tilfelle i dag ! Her påligg det og HSD som konsesjonseigar å legga tilhøva betre tilrette !
Ser i debatten at sidan Rogaland med Stavanger er blitt byen, så skal ein ikkje lenger til Bergen /Stord. Dette forstår eg ikkje. Universitete i Bergen er i Bergen, Høgskulen Stord/Haugesund har mange linjer på Stord, arbeidsplassene på Stord er der framleis, kulturbyen Bergen trekker folk osv. Me reiste då til Stavanger fordi om me høyrde til Hordaland ?
Rutestrukturen får altså to utfordringar: Først Ølen som kommuniksjonsknutepunkt generelt for reisande frå mange kommunar, og så arbeidsreiser for dei som reiser dagleg. Dette bør la seg kombinere. Blir alle båtane flytta til Bjoa, så blir det og slutt på Ølen som kommunikasjonsknutepunkt for buss / båt. Då vert det berre buss, og knutepunktet vert flytta til Aksdal !
Dette er i tilfelle ikkje etter kommuneplanen slik me tenkte "i mi tid"

helsing

Terje Hermansen

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa