Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Vikestølsmøtet i 116 år - 26. juni
Av: Steinar Skartland  29.06.2016

Fjellstemnet, Vikestølsmøtet, vart halde som planlagt, sjølv om dette var ein regntung dag. Men inne i hytta var det tørt og lunt og flagget gjekk til topps rett før klokka 12:00, då møtet tok til. Kjersti Hausberg Bjerga var første kvinne som har vore hovudtalar på Vikestølsmøta.

Det var 21 som tok ut langs skogsvegane frå Vikebygd og Eikås på Bjoa, for å delta på Vikestølsmøtet, ein årleg tradisjon heilt tilbake til år 1900. Fleire kan fortelja om at dei var på Vikestølsmøta under krigen. Då kom det store flokkar frå alle bygdene her. På Vikestølen kunne dei heisa flagg på stemna, også under okkupasjonen.

Kjersti Hausberg Bjerga talar.

Første kvinne som var hovudtalar
I år var det Kjersti Hausberg Bjerga som hadde teke på å vera hovudtalar på møtet. Ho er tilsett i Normisjon i delt stilling med halvdelen innan barne- og ungdomsarbeidet og den andre delen på leirstaden Stemnestaden i Grinde. Av utdanning er ho lærar og busett i Vikebygd, der ho også har ansvaret for laurdagsklubben for borna.

I talen tok ho utgangspunkt i då ungguten Samuel (1. Samuels bok, kap. 3) fekk kall frå Herren til å bli profet og korleis vi på forskjellige måtar kan bli kalla av Gud til teneste.
- Kva språk talar Gud til oss på? Det kan vera forskjellig etter kven han talar til. For oss gjeld det å vera villige til å lytta.
Kjersti fortalde om kor glad ho var i å gå i naturen og opplevde det som om Gud tala til henne gjennom det ho såg og opplevde der. Men for at samtalen med Gud skal gå lett må vi ha det godt. Gjera opp det som ikkje er på plass og be om tilgjeving for det som ikkje er greitt.


Marta Marie Aasbø syng til akkompagnement av ektemannen Hans Asbjørn på trekkspel.

Det var mykje god allsong i dei to møta som vart halde denne dagen på Vikestølen. Det kom nok både av god musikk frå trekkspel og gitar (Hans Asbjørn og Steinar). I tillegg var det fleire som stilte opp med framføring av song i møta.

I tråd med gammal tradisjon så er det ein representant frå bedehusmiljøet i kvar av dei fem bygdene og kyrkjesokna rundt dette fjellet, som utgjer styret for fjellstemnet og har ansvaret for arrangementet. Desse er: Hans Asbjørn Aasbø (Bjoa), Steinar Skartland (Vikebygd), Olav Granberg (Ølen), Jørgen Landa (Vats) og Endre Stople (Skjold). Hans Nilsen Hauge si forkynnarverksemd var den bakgrunnen dei kom frå som starta opp i året 1900.
Les meir om Vikestølen og fjellmøta her.

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa