Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Nominasjonsmøte - Bjoa bygdeliste
Av: Kristian Resset 17.03.2015

Det blir nominasjonsmøte for Bjoa bygdeliste på skulen onsdag 25. mars klokka 19. Møtet tar endeleg avgjerd på om det skal leverast listeforslag og korleis dette skal sjå ut. Fristen for å stille liste er 31. mars.

Styret har i vinter jobba med å få dei underskriftene som er påkrevd for å kunne stille liste. Dette har vi greidd. Noko verre har det vore å få folk til å stille som kandidatar på lista. Minstekravet er 7 namn på lista, og det greier vi. Men vi har eit stykke att til 18, som vi stilte med sist val. Det må difor diskuterast om det er tilstrekkeleg interesse for å stille liste ved valet komande haust, og i så fall korleis kandidatane på denne skal rangerast.

Som for alle andre verv, er det ein krevjande jobb å ringe rundt og for det første treffe folk på telefon og deretter få samtykke til å ha dei med. Det er sikkert engasjerte bjoabuar som vi ikkje har ringt, og vi oppmodar dei som kunne tenke seg å stå på lista til å ta kontakt før nominasjonsmøtet. Kontaktperson er Kristian H. Resset, tlf 97 65 07 03.

Det har vore relativt få saker som har vore egna til å få opp det store engasjementet politisk i bygda. Då vi kalla inn til møte før jul for å avgjere om vi skulle arbeide vidare med å stille liste var det ei lita, om enn engasjert, forsamling som møtte. Det er mange som seier dei vil ha bygdeliste, men ikkje så mange som har tid eller lyst til å bidra aktivt.

Med den avtalen bygdelista gjorde med dei andre koalisjonspartia etter forrige val har skulestrukturen vore freda i fire år. Det var eit av våre absolutte krav for å gå med i fleirtalet. Som ein del av fleirtalskoalisjonen med SP, KrF og SV har vi hatt høve til å påverke langt utover det ein ellers kunne vente med vår eine representant i kommunestyret.

No rykker vi attende til start. Skjebnen til Bjoa skule og barnehage vil garantert bli tema både i valkampen og i løpet av perioden som kjem. Spørsmålet om framtidig kommunestruktur er ei anna særs viktig sak som kjem opp komande periode. Politikken får direkte innverknad på kvardagen vår både som enkeltmenneske og som bygd. Då er det viktig å vera til stades og jobbe for våre interesser medan det foregår på politisk nivå. Etterpå kan ein gjerne reagere og aksjonere, men då har som oftast toget gått.

Vi håper difor at det er ein del som vi ikkje har spurt direkte som kan tenke seg å engasjere seg for bygda. Det er og framleis nokre aktuelle namn på lista som vi ikkje har fått kontakt med og som vi håper å få kontakt med og samtykke frå dei neste dagane. Og elles håper vi det blir godt oppmøte på nominasjonsmøtet - dette blir siste og avgjerande runde om skjebnen til bygdelista for neste periode.

Bilete: Kjartan Innbjo har vore bygdelista sin faste representant i kommunestyret perioden 2011-2015. (Foto: Marit Eikehaugen)

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa