Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Helse i kvart åretak
Av: Kristian Hus 18.07.2012

Vi hadde førestilt oss at Kristin-Elfi Sigvaldsdatter Flåto kom frå Island, namnet ber litt preg av å koma derifrå, og at dette skulle vera grunnen til at ho er på sjøen og ror så å seia kvar einaste dag halve året.

Men så viser det seg at 73-åringen vi møter på ein liten holme utanfor Borgundøy i Kvinnherad er fødd og oppvaksen i Bergen, og at ho har budd i Haugesund i førti år. Men om sommaren er det Bjoa som er staden – trass i dei mange brunsneglane på eigedomen hennar!

– Ja, eg bur halve året her inne, og ror nesten kvar einaste dag uansett kva vêr det er, seier Flåto då vi stig i land på Flatholmen sør-vest for ei av Fjelbergøyane. Før vi kom dit hadde ho nett hatt dagens første dukkert. Om bord i den lekre og velhaldne Oselvaren ligg tre blodferske makrellar.

Bjoa om sommaren
Så snart sommaren nærmar seg, flyttar Kristin-Elfi Sigvaldsdatter Flåto frå Haugesund til Bjoa i Vindafjord til det vesle huset sitt i bærhagen der besteforeldra hennar hadde eit småbruk for mange år sidan. Her har ho vore i alle år sidan ho var lita jente.

Ho har arbeidd i skuleverket det meste av livet, er utdanna lektor med embetseksamen i pedagogikk, og arbeidde i mange år både på Håvåsen ungdomsskule og som rektor ved Haugaland vidaregåande skule. Som 62-åring sa ho takk for seg, ikkje ved skuleslutt, men "på dagen".

Frå ein krevande kvardag i skulen gjekk ho rett inn i leiarrollen i lokallaget av Landslaget for offentlige pensjonister på Haugalandet. Dessutan held ho seg aktiv på fleire andre måtar, både i lag med gode vener og på eiga hand. Ho går endåtil fast i kyrkja, og har mange oppgåver i Rossabø menighet.

God helse
– Det beste av alt ved å vera pensjonist, er å få vera frisk. Sjølv om eg har hatt mitt eg òg gjennom tidene, kjenner eg meg privilegert og er takksam for at eg i dag er heilt frisk og er ved god helse.

Eg feilar ingen ting, seier den tidlegare rektoren. Ryggplager, som mange pensjonistar slit med, er eit ukjent fenomen, forstår vi, noko ho gjev all roinga "skulda" for.

– Nei, ryggen, den er heilt topp! seier Flåto med fynd.

Nyt stilla og livet på sjøen
Kristin-Elfi har rodd sidan ho var seks år, og har hatt stor glede av det i alle år. Frå toftene i den smekre Oselvaren sin nyt ho stilla, og at det går langsamt på fram same kvar turen går.

Denne dagen brukte ho berre ein times tid frå Bjoalandet til Fjelberg, men ikkje sjeldan er ho på sjøen i 7 – 8 timar. Då ror ho gjerne rundt heile Borgundøy, gjennom idylliske Fjelbergsund, er innom butikken på øya, fiskar litt her og der, og tar seg ein dukkert når ho føler for det. Temperaturen i vatnet bryr ho seg ikkje med.

– Kva tenkjer du på når du sit slik og ror?

– Å, du, det kan vera så mangt. Verda er jo full av negative hendingar for tida, så det er mangt eg filosoferer over. Men heldigvis er det mykje positivt òg. Først og fremst kjenner eg ei evig takksemd over livet, den gode helsa mi og at eg får oppleva slike dagar som dette, seier Kristin-Elfi og ser opp mot sola som skin over ein stille fjord.

Opprørt over urettferd
Dessutan lar ho seg opprøra over all urettferd i verda, og når ho høyrer om mishandling av dyr og menneske. Det kan til dømes vera alt frå tortur i eit fengsel til ein mann som slår hunden sin.

Feriereiser til utlandet blir det ikkje så ofte no lenger for den pensjonerte læraren, forstår vi, sjølv om ho har reist i mange land før i tida. For no er det Bjoa og øyane rundt som er staden å vera på.

Men dei mange brunsneglane, som har ete opp mest alt i hagen hennar, er plagsame. Dei skulle ho gjerne vore forutan. Berre på ein dag nyleg plukka Kristin-Elfi Flåto om lag 450 av den stygge arten som plagar oss kvar sommar.

På slike dagar er det godt å jumpa i Oselvaren, uansett vêr og vind, enten berre for ein trimtur eller for å henta seg fersk fisk til middag. Begge delar gjer godt for helsa...

Foto: Kristian Hus

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa