Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Bjoa boksamling
Av: Nils Terje Oma 07.10.2011

Det har vore god interesse for å bli med som bibliotekvakt for Bjoa Boksamling.

Mange nye personar er rekruttert denne hausten og det gir ny giv til arbeidet. Elin Gangstø er ein av dei nye bibliotekvaktene dette året.

Styret for boksamlinga består av Kåre Frøland, Astrid Genberg, Ingrid Steinsland, Torbjørn Hamre og Nils Terje Oma. Nyleg vart det halde styremøte i boksamlinga og det blei bestemt at årsmøtet skal haldast 25.oktober på Bjoa skule. Vidare vart dato for den årlege adventkafeen sett til søndag 27.november.





Styret tar gjerne imot innspel til andre aktivitetar som medlemmene ønskjer,- mellom anna er det hyggjeleg når folk kjem med bokønskje.
Hausten er ei god tid for lesing og det er stadig noko nytt å finne i hyllene i boksamlinga så merk deg opningstida som er kvar mandag kl 17-19 og stikk gjerne innom og sjå om du finn noko av interesse.

Nils Terje Oma
for Styret

Foto: Nils Terje Oma. Frå Styremøte; Torbjørn Hamre, Astrid Genberg, Kåre Frøland.


Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa