Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Velkommen til konsert i Bjoa kyrkje 8. oktober
Av: Liv-Kari og Terje Bødtker 22.09.2011

Når ein passerer 50 er det på tide å realisera ting ein har hatt lyst til lenge.

For vårt vedkommande var det mellom anna å invitera ein barndomskamerat av Terje til å halda konsert på Bjoa lørdag 8. oktober.

Kjell Breivik har vore roadie og bakmann for kjende Rogalandsartistar som Morten Abel, Kaizers Orchestra, Vidar Busk, Thomas Dybdahl, Vestlandsfanden m.fl. i ei årrekkje.

Han levde eit skikkeleg rock & roll-liv inntil han «såg lyset» for nokre år sidan. Det hjelpte han på rett kjøl igjen, og han fekk gitt ut plata "White line fever" med bandet Colt. Debutalbumet med rufsete countryrock og personlege tekstar om tru og tøffe tider fekk strålande kritikkar. Nå er han i gang med album nummer to.
Saman med Arny Egeland, countryartist frå Flekkefjord, gjer han nå også mykje kyrkjekonsertar. I tillegg til Kjell sine eigne låtar, spelar dei då coverlåtar og gospelinspirert musikk.

Me gler oss til å invitera til ein personleg konsert kl 18. Billettsal ved døra; vaksne 100, barn under 16 kr 50, familie 200. Eventuelt overskott går til kristent arbeid blant barn og ungdom på Bjoa.

Liv-Kari og Terje

Foto: Marit Eikehaugen

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa