Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Bygdelista med framgang i 2011
Av: Kristian Resset 13.09.2011

Fintellinga av personrøyster og slengjarar etter kommunevalet i Vindafjord pågår enno, men mandatfordelinga er klar etter at 3 723 røyster er talte opp. Bjoa bygdeliste fekk 162 røyster, 33 fleire enn i 2007, ein framgang på 0,7%. Bygdelista fekk denne gongen røyster frå alle dei ni bygdene i kommunen, og held fram med ein representant i kommunestyret dei neste fire åra.

Bjoa bygdeliste fekk 129 røyster i 2007. Den gongen var frammøtet 58%, drøyt 3 500 av dei i overkant 6 000 røysteføre i Vindafjord. Valframmøtet i kommunen var denne gongen berre marginalt høgare, med eit frammøte på rett over 3 700 (61%).

I skrivande stund er ikkje dei 15 førehandsrøystene som gjekk til bygdelista fordelt på krinsar, men dei resterande 147 valdagsrøystene fordeler seg med 125 frå Bjoa og 22 røyster frå dei andre bygdene. Det er dermed bygdene utanom Bjoa som står for hovuddelen av framgangen.

Av dei resterande 105 av dei 230 valdagsrøystene som vart gjevne på Bjoa fekk FrP 29 stemmer, Høgre 21, Sp 19, KrF 13, SV 12 og Ap 11 røyster.

Dei neste dagane er bygdelista med i forhandlingane rundt verv og eventuell koalisjonsbygging med dei andre partia. For meir informasjon om dette, følg med på bygdelista.bjoa.no.

Illustrasjon: Fordeling av røyster og mandat i Vindafjord etter at 3 723 røyster er talte opp. Kjelde: regjeringen.no

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa