Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Mattematikk, politikk, Harryar og sånt.
Av: Mr.B  01.08.2010

Er du norsk, kreativ, arbeidsfør, har arbeidslyst, skapartrang og i tillegg innehar fagleg dugleik og gjennomføringsevne - ja då er ikkje dette noko for deg. Sjå heller å kom deg på jobb ..

Eg sit ikke akkurat i solveggen for tida.

Spenninga på solcellekalulatoren min svinn omlag som verdien i aksjeklubben og populariteten til Stoltenberg - Sakte men sikkert. I oktober er det over og ut.

Vel, nå var det matte dette skulle dreie seg om. Eg har eit reknestykke der eg ikkje får sjekka fasit av di kalkulatoren min har sånne solcellegreier. Ein av dei som ikkje godtar denne unnskuldinga er fylkesskattesjefen. Vonar difor å få litt hjelp av gode sambygdingar til å verifisere om tankegangen min er probat eller om eg er som dei som styrer land strand og kommune - heilt i oppløysing og utan vet og forstand.

Då eg er sjølvstendig næringsdrivande kom det noko brått på meg då eg vart gjort merksam på at det var fellesferie, så eg sette meg ned på ein stubbe og tok ein "pust i bakken". Etter eit kvarters tid kom det strøymande gnomar frå kemner og skattevesen frå allslags hol med sjekklister og lurte på kvifor eg sat her og ikkje var i arbeid?
-"Du kan ikkje sitja her med spjotet senkja, du er jo ikkje organisert", kvad dei til meg så eg spratt opp heiv meg på eit illeluktande kloakkrøyr me haldt på å legga ut i aurebekkjen. Då dei såg eg var attende i arbeid og slit vart dei nøgde og for heim att.

Eg tykkte mesten det var sjittligt å sitje der å ha 15 minuttars ferie midt i striregnet i fellesferien i staden for å arbeide hardt for å å bidra til fellesskapet og det stolte Norske folks velferd.
Eg skjønar jo at det kostar å ha folk med svart røvarskjegg og terroristsbakgrunn buandes i sjølve Christiania. Dei lyt jo ha sentral leiligheit og nystrokne dressar og nyvaska svart Tysk kjøyrety med full tank og sjåfør med hatt kver gong dei skal vitje advokatane sine, og rettferd er ikkje gratis.

Me her på landsbygda i oljelandet får kjøyre slitne Toyota Hi-Ace. Av ein eller aen grunn er me stolte av å kjøyre sjølve og me klare oss godt me caps frå Felleskjøpet. Men dersom du ikkje kjøper nok mjøl i året lyt du nok betale minst 10 kr for capsèn.

Men det er ikkje gratis å jobba heller. Tenk deg f.eks at du e nåke stort, ein kjendisadvokat, ein suksessfull artist, ein røyrleggjar eller Mical Jacobsen, Rumensk tiggar - eller Brittany Spears, hu med puppene, (men trusa - det har hu ikkje råd te.) Dei folko der fakturere sikkert minst hundre kr pr time.

Men - så kom eg brått i hug at eg er jo ein av dei. Det er jo slik at dersom du kan noko som ikkje alle driv med og som myndigheter, mafia, propaganda, brorskap eller forsikringsselskap og lovverk ikkje har gjort utilgjengelig for allmenheten, ja då kan du ta det du vil ha. Nett så å vere ein einslig stut i ein kvigeflokk der gjetaren har sovna..

Kan nåken så har greia på det hjelpa meg med detta reknestykket:

- Sei det sånn at eg fakturere ein kunde på 1 time arbeid â 2000 kr timen + mva.
Dvs: 2000 til meg og 500 til staten. (pr time)
Sidan eg er så heldig å tene meir en 300 000 så lyt eg betale 51% toppskatt, dvs at ca 1000 av mine 2000 penger går til staten.

Dersom me gjer opp status her - så har altså rekningen på 2500 blitt til ca 1000 kr på kortet mitt. Resten vett eg ikkje kor har blitt av men det er sikkert Stattan som har tatt det så e vekke.
Meir en halvparten av verdiskapningen er borte, men det e eg så har utført jobben og som har et ansvar i ettertid.

Men, så lyt eg fylla diesel på Hi-Acen for å komma meg på jobb fordi Statan vil jo ha det som rett er, mellom 70 og 80% snakke me vel om her. Altså - når eg fylle tanken for den tusingen eg har tent, så går mellom 700 og 800 til Stattan. Då har eg igjen ca 300 kr - av ein faktura på 2500 -.

- På den andre sida, så har eg jo auka verdien på Toyotaen med full tank.. men kalkulere ein inn bompenger, miljøavgifter, slitasje og verditap så trur eg det heile går i minus.

Ein aen ting e at for å få lov å kjøra med Hi-Acen i Norge så lyt eg ut med 150 000 i avgift til Statan, skal eg ha seter bak snakke me om 400 000, altså 1,2 ggr gjennomsnittlig årslønn.(kun avgift). Svare detta seg?

Dersom eg sammenlignar meg med ein som går på trygd og ikkje har initiativ eller Toyota Hi-Ace har eg rekna ut at han så e trygda vil ha råd til ein 60" HD Ready flatskjerm som støttar 3D (+ 2 par HD briller) ca 34,5 år før meg dersom eg jobbar ræva av meg og eg rekne med at om 34,5 år så har jævlane skifta format sånn at eg har jobba heilt forjeves denne tida.

Reknestykket over kan kanskje vendast i hytt å ver. Men - nå e det sånn at i miljølandet Norge der kjerkene som ikkje Greven allerede har fyrt opp rotna på rot (hint - hint - då er råteskader brått ei forsikringssak) og me ause ut oljemilliardar i aust og i sør-aust (til dømes Afrika, Asia - derav olje og gassrike Russland), så er det slik at dersom ein velger alternativ energi til oppvarming av bolig, så er stønaden frå det offentlige i Sverige 60% utan begrensning oppad(solvarme). I miljøNoreg er han 20%, men begrensa til maks 10 000 kr.!! Kven gidd å satse på dette då eit anlegg som fungerer startar på 100 000 Nkr. Men så har ikkje svenskane "mullaher" og andre parasittar å få på.

Avsluttningsvis så skal eg røpe for dei som har orka å lese alt rolpet at det er ikkje absolutt naudsynt å lide her i grissgrendte og skrinnvoksne trangsynte regnfyllde Noreg sjølv om ein er vaksen opp her og sidan fødselen har vorten banka ned i hengemyra dersom ein har freista å stikke fram hovudet med gode idear eller klare meiningar.

I Sverige er soldagane fleire og jentene blondare og bilane billigare (eller var det omvendt?)

Nå vett eg ikkje egentligt om det e slik, men eg velge å tru det e sånn slik at eg kan gå her å plage meg sjølv resten av livet med tanken på at det konne vore møkje bedre dersom eg hadde gjort nåke med det. Samtidigt så kan eg gå å venta på at nåken andre prøve seg og at det går rett til Helve... for dei, og då kan eg stå fram å sei med store bokstavar at; -DET VAR DET EG SA.....

- Men det e nå likavel nåke me det å bu på Bjoa, sikkert berre stridighet. - Også e nå jentene frå Bjoa finare og puppene større ..
Har eg hørt.

Men når det gjelde greven å kjerko å det der så kan eg formidla kontakt. Vett ikkje om det er soknerådet eller andre som tek avgjerdsla her, men berre ta kontakt inkognito så går det seg sikkert til. Set ei full bensinkanne og ein ti-tusenlapp oppe med postkassa mi, så tar eg hintet. Viss eg er offshore og det hastar får soknerådet evt. snakke med Joar. Han reiv gamlahuset mitt på ein halv time med ein traktorgravar for ei flaske Whisky.

MrB





































Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa