Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Tjuvstart på Vikestølsdugnaden
Av: Jarle Sandsgård 20.06.2010

Ein ivrig gjeng vikebuar og ein bjoabu med nyinnkjøpt spikeruttrekkar tjuvstarta søndag på dugnaden på Vikestølen.

Dugnaden er eigentleg ikkje før neste helg, men i dag dukka det opp ein gjeng vikebuar som gjekk på for full maskin både inne og ute. Inne blei det rydda i skuffer og skap og vaska, og ute blei kratt hogd ned så kvistene flaug.

Stillaset blei frakta opp fra Rotvoll og montert lørdag ettermiddag, og fjerninga av den gamle kledninga er nå godt påbegynt.

For deg som har lyst til å vere med på dugnad så er det ingen grunn til å fortvile over tjuvstarten, for det er mykje arbeid igjen enno. Det skal utførast ein god del snekker- og malearbeid på hytta, og det er nok av kratt som skal fjernast.
Forhåpentlegvis får me levert ny flaggstong før helga, så den gamle må pensjonerast og den nye setjast opp.

Det vil vere folk på Vikestølen fra og med fredag, om ein har lyst å vere med kan ein gjerne gi beskjed til Jarle Sandsgård, Rita Bjørnøy eller John Karlsen - eller berre komme når det måtte passe.


Foto: Jarle Sandsgård. Kontrollør Sindre Sandsgård har godkjent stillaset og gitt tommelen opp for at dugnaden kan starte.


Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa