Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Bjoa 4H på aspirantleir
Av: Anne Gunhilde Oma 29.08.2005

I helga var seks aspirantar frå Bjoa 4H på aspirant-leir på Olalia.

Me møtte opp på Fjellstøl lørdag morgon, og saman med 60 andre ungar og 20 vaksne la me av gårde under mottoet "Det finnes ikke dårlig vær, bare dårlige klær".





Turen opp til Olali-hytta tok i underkant av 2,5 timar i SVÆRT bløtt terreng. Men stemningen var på topp og ingen klaga over regn, gnagsår eller tunge ryggsekkar. Vel framme på hytta fekk me innlosjert oss på alle rom og ellers alle krikar og krokar. Det var nemlig ikkje sengeplasss til alle... så dei vaksne sov i spisesalen og peisestova. Om ettermiddagen var det ymse aktivitetar; førstehjelp, orientering, spikking og aktivitetsløype. Matservering gjekk etter samlebånd-prinsippet. Utover kvelden vart nye bekjentskap stifta og mobilnummer utveksla. Og gjerne vart det eit kjærastepar eller to også...




Søndag var det tid for å retunera heim igjen. Nokon litt trøttare i trynet enn andre.. Nede på Fjellstøl fekk me 4H-burger (grilla fiskekake i brød - nam nam) og det var utdeling av diplom. Ole Aleksander og Arne fekk diplom for ryddigaste rom - og det var heilt fortjent!! Ein godt gjemmomført leir og kjempekjekke ungar å ha med på tur!!

Foto: Anne Gunhilde Oma

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa