Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Min Sommerhilsen nr. 22
Av: Marit Eikehaugen 29.07.2005

Dagens Sommerhilsen kommer fra Dalen på Bjoa. Nærmere bestemt fra Gunnar Dalen den 6.

Som for bønder flest blir det nok siloslått og andre jordiske syslar som kjem til å få førsteprioritet. Viss sommaren blir varm og tørr (ser ikkje så sprekt ut så langt), har eg også planar om litt grøfting og nydyrking. Men det skjer jo ting utanfor bruket også: I månadsskiftet juni/juli skal eg ein tur til Uganda/Kenya, i eit oppdrag for Norsk Kjøtt/Norad.

Midt i juli har klanen Dalen planlagt søskentreff på Vågslid med feiring av multijubileum på Dalen Hotell pluss påfølgjande båttur på Telemarkskanalen. Så må det såklart bli eit par turar til fjells her heime, Gråhorgjo og Skreo blir eg aldri lei av. Dessutan har eg tenkt å studera plantelivet på nordsida av Vassheddene (fjelldraget som ligg på sørsida av Longavatnet). Opp under brota der veks det mykje spennande, bl.a. turt, som elles er sjeldsynt heromkring. Seinhaustes reiser Jorunn og eg på tur til USA, bl.a. for å forlengja sommaren med eit par veker…

Sommarhelsinga mi går til Marit, som er i turnus i Kongsberg i sommar, til Kari som skal starta opp i ny jobb i Kristiansand i august, og til Gunnar som kjem heim til siloslått og fjosarbeid i sommar! Til slutt: Ein god sommarklem til Jorunn!

Foto: Marit Eikehaugen. Mot Dalen i det fjerne

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa