Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Min Sommerhilsen nr. 16
Av: Marit Eikehaugen 22.07.2005

Sommer på Bjoanett forbindes med Sommerhilsen. Vi fortsetter vår populære sommerserie og har ennå hilsener på lur. Fra bjoabuer og andre buer.




Alle fikk samme spørsmål - hva skal du i sommer og hvem vil du sende din Sommerhilsen til? Dagens hilsen er langveis fra, helt fra München i syd Tyskland, hvor Cecilie Miljeteig for tiden bor og studerer.

- Oi, tenkte eg når eg fekk mailen frå Marit om å sende sommarhilsen på Bjoanett, er det allerede sommar!?! Sjølv om det er sol og 30 grader, blir eg fortsatt like overraska når eg ser på kalenderen. Tida flyr! Eg har allerede vore her i meir enn 4 månader, og det er bare litt mindre enn ein måned igjen. I tillegg er det først nå de nærmar seg slutten av semesteret, og det er plutselig så masse eg må gjera at eg har dessverre ikkje tid til å nyte fineveret.

Ja, kor er eg...? Eg er altså utvekslingsstudent i München for
sommersemesteret. Eg tenkte eg måtte ha litt avveksling etter eit halvt år i Trondheim, og utnytte fordelene med utvekslingsprogram. Det er nemlig mange. Eg kom i slutten av februar, tok språkkurs betalt av Lånekassen og begynte på universitetet her i april. Her blir eg altså det meste av sommaren. München er egentlig ein ganske
fin by å vere i, ein veldig grønn by til og i nærheten av Alpene. Eg
syns jo selvfølgelig at det er ein ordentlig stor by, men når eg seier det får eg høyra at München er verdens største landsby/bygd/Dorf. Og det har dei egentlig rett i. Den er bare stor fordi det er mange mennesker her, men mentaliteten er som i ein landsby. U-banen sluttar å gå halv ett om natta, ein kan gå trygt åleine og ein kjem seg relativt raskt frå ein ende til ein annan.

Her bur eg altså i Olympiazentrum, som er "byen" der alle deltakerane i OL i 1972 budde, og er nå blitt til studentby. Eg bur i 11. etasje, og har misunnelsesverdig utsikt til BMW-bygningen, den nye fotballstadionen og ein skog av heisekranar. Eg har blitt kjent med fleire utlendingar enn tyskerar, og har møtt ein tysker som har vore på Bjoa fleire gonger (han huska spesielt godt familien Dalen).
I tillegg ser det ut som at neste prosjekt må bli Frankrike. Eg, som i alle år har unngått fransk blant anna pga uttalen, snakker nå flytande tysk med ein klar fransk aksent! Det må jo bare bety at eg har et naturtalent for fransk. Med tysk aksent, viss eg er heldig...

Naja, tilbake til kva eg skal gjer i sommar. Tja, snart er det eksamen, så dei neste vekene blir det lesing og labarbeid. Eg har nemlig fått meg eit kjempekjekt Praktikum med å telle og måle bittesmå makkar (nematoder). Og eg syns faktisk at det er interessant.. :o) Så skal eg avslutte studieoppholdet mitt her med ein 5 dagars ekskursjon til høgalpene, mest fordi eg vil på tur. Gleder meg! Deretter blir det ca ei veke med sightseeing, pakking og avslapping, før eg reiser heim.

Eg kjem heim til Bjoa i slutten av juli, og blir heime 2-3 veker før
semesterstart i Trondheim igjen i midten av august. Då håper eg å få
treffe mange kjente fjes og at eg får tatt meg ein tur inn til Oma til mormor og bestefar. :o)

Eg vil sende min Sommarhelsing til mamma, pappa, Trygve, Camilla og Vidar, farmor, mormor og bestefar, Evy, Jan Erik og Adrian på Askøy (dåke må vera på Bjoa når eg kommer heim), Eli og Domenico i Italia (tusen takk for besøket!), Anne og Mårten og den litle, for ikkje å glømma tanter og onklar. Og til alle andre; God sommar!

Masse varme sommarhelsingar frå Cecilie!

Bildet er: Cecilie, Eli og Domenico i Englischer Garten.





Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa