Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Dei kom, dei høyrde, og dei storkoste seg!!!!!
Av: Linn Gjerde 25.04.2005

Så står me der då. Utanfor Marknadshallen på Buo. Klokka er sju laurdag kveld, og eg har fått igjen pusten etter ein hektisk og nervepirrande dag med forseinkingar, ein lydsjekk som blei heilt snudd på hovudet, dårleg samvit for ein lydmann som nesten ikkje har ete eller sove det siste døgnet ,og elles berre vanleg nervøsitet. Her står me, tenkjer eg. Eg veit om 30-40 stykk som kjem til å kome. Ennå er det berre meg, Jarle og dei som har sagt ja til å jobbe for oss, som svirrar rundt.

Knisande ned bakken kjem to blide damer frå Haugesund som har leigd seg hytte for å kunne vere med, så ser eg at foreldra til Jarle kjem i ein bil, Inga og Sven i ein annan bil, og så blir det berre fleire og fleire, folk strøymer til frå alle kantar. Folk eg ikkje anar kven er! Og eg som trudde det berre skulle bli folk eg kjende! Eg ser hyttefolk, folk frå Bjoa, folk frå byen som eg aldri trudde eg skulle sjå på Bjoa, folk som har kjørt frå Åkra!

Klokka blir åtte, endå strøymer folk til, me finn ut at me skal utsette første artist, slik at folk får tid å kome inn. Og det sig inn fleire og fleire. Klokka ni går eg på scenen og introduserer Inger Mari Hetland og dottera Martha. Sommarfuglane mine forsvinn med ein gong dei begynnar å spele! Det er det perfekte opningsnummeret, folk sitt i ro og lyttar. Humrar litt av visene til Inger Mari.

Are kviskrar at han har telt dei som er inne, det er 70 stk inne i lokalet, endå står nokon utanfor og tek seg en røyk! Endå skal det kome mange fleire i løpet av kvelden!

”Ho er eit fyrverkeri!” seier nokon om Inger Mari som stråler frå scenen.

Og for ein scene! Her har Jarle gjort ein super jobb, og saman med Geir Gjerde kome fram til ei super og proff løysing! Scenebanner med logo på, det er så utruleg kult!

Ingvild går på scenen og folk kosar seg. LagerLyd er allereie ein suksess!

Etter at Ingvild har spelt tek me ein pause og har den annonserte pub-quizen. Nokon får nye vener fordi dei havna på lag med nokon dei ikkje kjente frå før, og folk er ivrige etter å delta.

Etter pausen med quizen kjem Pål Flåtene på scenen. Beatles songar, Turboneger, Cardigans og litt som han har laga sjølv. Stemninga stig, Pål har mange tilhengjarar i salen, ingen tvil om det.

Kveldens første band skal på scenen. The Fence –gjerdebandet. Danna for anledningen. Dei har øvd saman to gonger. Lydsjekken deira var ein katastrofe, dei er nervøse no! Dei byrjar å spele, ”Dedicated Follower of Fashion” av kinks, ca tre sekund ut i songen skjer det noko, plutseleg kokar det foran scenen. Folk dansar og hoppar opp og ned! Det kokar framme ved scenen! Where have all the good times gone?! syng Karl Olav og eg tenkjer, ”all the good times” er her!! På Bjoa! Dei spelar ein låt meir enn dei hadde tenkt, for folk vil ha meir!

Jarle har hatt ein ”tellerunde”, me er ein 110-120 personar her nede no, ca halvparten er Bjoabuar, tenk at det kom så mange utanfrå! Tenk at så mange kom sjølv om me har klart å kollidere med konfirmasjonshelga!

Så kjem Siri Nesse på, og salen fortsett å koke! Ho dansar på scenen, sprett rundt om kring, (hadde ikkje ho tråkka over?) Folk dansar og syng med.

Eg blir overfalt av glade folk som seier at me må laga festival til neste år og! Eg annonserer at Bassli-gjengen har vunne quizen, men tviler på om folk fekk det med seg, dei vil ha meir musikk, no!

Emily Plays går på scenen, Beatles, Pink Floyd, einge songar i ein perfekt miks. Folk dansar og syng , nokon er oppå bordene og dansar.

Eg må beklage meg for nokon gutar som ville syngje på open mikrofon, det blir ikkje tid, nå må me sleppe til dei som har reist heilt frå Bergen for å spele. Dermed er det The Underachivers som avsluttar kvelden med skikkeleg rock a là Turboneger. Klokka er snart to, folk tek fatt på heimturen, nokon dansar endå foran scenen, heilt til The Underachivers har spelt ferdig.

Eg trur ikkje det finnes ord for kor glad og letta eg var då eg gjekk heimover. Glad for at folk hadde kost seg sånn, artistane var nøgde, alt hadde gått bra!

Og så blir det nok festival til neste år og. Når folk faktisk tek kontakt med meg på søndagen for å seie at dei hadde hatt det kjekt, då veit eg at me har gjort noko rett!

Eg må få lov til å takke alle som kom og var med på å gjere Bjoa LagerLyd til ein suksess, takk til alle artistane, verdens mest tolmodige lydmann Atle Skogøy, Jan Knutsen som leigde ut lydustyr, vaktane våre som stod på gratis og alle andre som har hjelpt til!

Og neste gong skal me ikkje kollidere med konfirmasjonen!

Foto: Oddbjørn Gjerde


Geir Gjerde frå the Fence gjorde comeback på trommer. Tru det eller ei, det var 18 (!) år siden sist!


Karl Olav og Are frå The Fence rocka Bjoa!



John Henry Lind og Karl Olav frå The Fence får det til å koke foran scenen!



Pål Flåtene hadde mange fans i salen!


Karl Olav Gjerde; Kveldens råaste vokalist!






Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa