Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Bjoa LagerLyd - Marknadshallen på Buo 23.04.05
Av: Linn Gjerde 23.04.2005

Dette har skjedd: -Bip bip… Tekstmelding frå Jarle; "Houston we have a problem. Teknisk etat hadde vore på inspeksjon i lageret ifm. med skjenkeløyve. Mange av spikrane som held paneltaket oppe er rusta av, slik at det kan falle ned bitar. Me må enten finne ny plass eller fikse taket. Har snakka med Bjørn, han seier me kan rive heile taket. Har du nokon som kan vere med på dugnad i morgon?"…….

Eg kjende kvalmen breie seg i meg, alt eg visste var at heile familien min ville vere opptatt den kommande helga då Jarle foreslo dugnad. Mamma hadde jo 50 årsdag, ikkje snakk om at nokon av oss kunne gå på dugnad. Flytte heile arrangementet… Herregud. Så kom eg på det. Det var 1. april…

Jarle, den sniken, liker å halde samarbeidspartnerane sine på tå hev. Eg kvakk sikkeleg då han prøvde å skremme meg 1. april (ja, det var å skremme, ikkje narre!) Heldigvis så er ikkje Jarle like utspekulert heile tida, han kan faktisk vere ganske så nyttig, no har han mellom anna ordna med bankterminal slik at det og skal gå ann å betale med kort!! Og så skal han visst ordne med noko pølse- sal og, slik at det blir noko å bite i for dei som ynskjer det i løpet av kvelden.

Og billettane får feire og fleire bein å gå på, til no har eg vel 30 selde billettar, dei fleste er seld til by og hyttefolk. For Bjoabuen minner eg om at billettar ligg på Buo og ventar på å bli kjøpte.

Eg vil og minne folk om at showet faktisk byrjar kl 20, og det vil nok vere levande musikk fram til 24.00-01.00, alt etter kor mange som vågar seg utpå ”open mikrofon”. Det kjem nok nokon overraskingar der i løpet av kvelden, reknar eg med. Etter at alle har fått sunge og spelt i frå seg, går me over til å spele musikk frå cd. Og som eg skreiv i ein tidlegare artikkel, dette er kvelden der ein heller har nachspiel enn vorspiel!

Rekkefølgja på artistane er ikkje heilt fastspikra enno, men eg vil no gje dykk ei samla liste over kven som skal spele, og litt om kva musikk dei spelar.

• Inger Mari Hetland kjem, og har truleg med seg dottera si Martha, her blir det visesong både på svensk og norsk, litt jazz og kan hende får me høyre eit stev og to og!
• Ingvild Arianson kjenner vel dei fleste på Bjoa til, ho spelar piano og syng nokon songar som andre har laga, og noko ho sjølv har laga.
• Pål Flåtene kjem med sin akustiske gitar og syng og spelar eigne songar, men og noko cover.
• The Fence tyder jo ”Gjerde” på engelsk og her finn me Are, Geir og Karl Olav Gjerde, og John Henry Lind. Dei har kasta seg over materiale frå den engelske gruppa Kinks, så her blir det tett mellom gamle klassikarar.
• Og så er det Siri Nesse då, som syng Tina Turner så det blir gåsehud på ryggen til folk! Gled dykk til det!
• Emily Plays er eit band frå Haugesund /Tysvær som er klare med både eigne songar og cover. Dei spelar 60-tals inspirert musikk, mykje Beatles, U2, Oasis og Green Day er berre noko av det dei har på repertoaret.
• ”The Underachivers” eit band frå Haugesund/Bergen som spelar 70-tals rock, mest eigne songar, men og litt cover.

Me har lagt vekt på å finne musikk som kan passe for alle, uansett alder (ja, ja, ein må jo vere over 18, men det er pga skjenkeløyvet, ikkje musikken!)

Så nå er altså nesten alle bitane på plass, artistane øver, og Jarle planlegger korleis scenen kan byggjast. Lydmann har Ingvild skaffa til oss, og lyd og lysutstyr får me lånt hos ein som hadde hengt opp lapp på butikken i Vikebygd! (og trur du ikkje han har slekt på Bjoa han og!) Eg ringer paniske telefonar til Jarle( det er framleis mykje som kan gå galt!). Are har børsta støv av røyk-maskinen, og me er alle klare til å gje alle som møter opp ein kveld dei seint vil gløyme!


Les meir om Bjoa LagerLyd:
Sommarfuglar og LagerLyd

Bjoa LagerLyd




Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa