Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Ein innflyttar kryssar sitt spor.
Av: Linn Gjerde 13.12.2004

Eg har vakse opp i Haugesund, budd sju lange år i Bergen, kvifor i all verda har eg kjøpt meg hus på Bjoa!?!

Det var nok fleire av mine vener frå studenttida i Bergen som sette CaffeLatte’en i halsen då eg gjorde det klart for dei at eg hadde tenkt å busetje meg på Bjoa. Dei hadde hatt meir enn nok med at eg flytta heim til Haugesund, som jo er lite nok i den store målestokken, men no hadde eg altså tenkt å flytte til ein enda mindre stad. Dei trudde eg var blitt galen, ”du kjenner jo ingen der inne, Linn!”

Familien min var nok ikkje så mykje klokare. Frå eg var 14 til eg var 24 var det berre under strek tvang og urimelege truslar dei kunne få meg til Bjoa. Då eg var 14 handla det mest om å vere i byen, viss ikkje kunne eg jo gå glipp av ”alt”, og då eg blei eldre, var det jo naturleg at når eg var på desse traktene, så ville eg sjå att gamle vener som framleis budde i Haugesund. Eg hadde ikkje tid til å reise til Bjoa då.

Men likevel, Bjoa er og staden der eg har feriert kvar einaste sommar nesten heile livet, og eg har alltid vore glad i bygda. (så det stemmer nok som det står på Bjoa-logoen, Bjoa er ei bygd å bli glad i!) Då eg var liten var Bjoa så og seie ein magisk plass, og eg gret mine bitre tårer då helga var over og mamma og pappa pakka meg inn i bilen og sette kursen mot Haugesund. (Når sant skal seiast så var det nok hunden til bestemor og bestefar, Topsy, som gjorde det så vanskeleg å reise..)

Eg hugsar og at eg var redd for ”bjoabuen” som eg ikkje heilt visste kven var.. ”bjoabuen” fekk i alle fall skulda viss nokon hadde vore og herja i leikehytta vår som stod på ”Middagshaugen”. Så, eg var litt redd ”bjoabuen”. Heldigvis trur eg ikkje bjoabuen driv med sånt lengre. Eg har i alle fall berre møtt hyggjelege bjoabuar etter at eg kjøpte huset! Lette å kome i kontakt med er dei og, noko eg er veldig glad for!

Då bestemor døydde, budde eg framleis i Bergen og var student. Det blei ganske fort klart at det no berre var eit spørsmål om tid før huset på Bjoa ville bli selt, og tanken på det gav meg ein vond klump i magen. Sakte men sikkert byrja eg å tenkje alvorleg på korleis det ville vere å bu på Bjoa. Eg visste jo at eg var glad i huset, eg begynte å fabulera om bibliotek i kjellarstua. Likevel trudde eg det berre var dagdraumar som aldri ville kunne bli verkelege. Eg var sikker på at huset på Bjoa kom til å bli selt lenge før eg kom til å kunne ha ein sjanse til å kjøpe det. Men tilfeldige samantreff og mykje flaks gjorde likevel sitt for at huset skulle bli mitt.

Eit anna spørsmål var sjølvsagt om eg våga å flytte frå byen og ut på bygda. Eg gjekk meir enn ein runde med meg sjølv før eg blei heilt sikker. Rett som det var kikka eg innom Bjoanett for å spionere litt på bygda som eg vurderte å flytte til. Og gjennom Bjoanett såg eg at Bjoa er ei levande bygd der ting skjer, og det var nok med på å få meg til å ta det endelege spranget frå Haugesund til Bjoa.

Og denne hausten har eg (eller rettare sagt heile familien!) pussa opp og pussa opp, og eg har budd litt på Bjoa og litt i Haugesund, og no går det mot julefeiring på Gjerde! Då får eg besøk av ”Gamlahus-gjengen”, og eg kan med handa på hjartet seie at eg ikkje kan hugse sist eg gleda meg så mykje til jul! Til slutt vil eg ynskje alle dei skumle bjoabuane ei god jul :0)

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa