Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Redda av den tredje mann
Av: Egil Sundve 29.11.2004

Dette er overskriften i dagens Grannar. Vikebygd Industripark er på beina igjen, nå med Carlos Benitez som en reddende engel. Vi gjengir i sin helhet dagens artikkel som kan stå som et situasjonsbilde etter over to års skriverier.

Investoren Carlos Benitez har følgt bossprosjektet til Jan Helge Helander siden starten. No har den amrikanske investoren gitt Helander fornya tillit og deltok på ein ny sjarmoffensiv i Ølen.
For Jan Helge Helander kan Vikebygd Industripark bli selskapet der han klarer å kome ned på beina til slutt.

Motstandarane av at Helander skal få svi av fleire hundre tusen tonn søppel i Vikebygd, står kanskje lngre frå sigerskålen enn på lenge.

AMERIKANAR TILBAKE

Årsaka er Carlos Benitez fra Miami Beach, Florida. Han har følgt bossprosjektet i Vikebygd som ein skugge. Helander er ganske vag når han gir opplysningar om den fåmælte amerikanaran som har vore i Ølen fleire gonger dei siste to åra. Benitez er investor, i følgje Helander, truleg med tilgang på pengar i pensjonsfond.

Benetez var den tredje mann då den andre amerikanaren, William Martin, var på banen. Men då Martin trekte seg på oppløpssida for snart eitt år sidan, kjølna også Benetez si interesse for prosjektet i Vikebygd. På det tidspunktet fekk Vikebygd Industripark hastverk med å flytte frå fasjonable forretingslokale i Bygdøy Alle og til Helander si privatadresse. Men no er Helander og Vikebygd Industripark tilbake på podiet med nytt kontor i Oslo sentrum, det er også adressa for avdelingskontoret til Carlos Benitez og DGI International.

ENGASJERTE NORSAS

Det var difor ein svært optimistisk Jan Hlege Helander som saman med Carlos Benitez hadde møte i Ølen med mellom ande ordførar Arne Bergsvåg for ei god veke sidan. -Det stemmer det. Det er forskjellig som har losna for prosjektet i det siste. Vikebygd Industripark blir ikkje oppløyst, men tilbakeført til meg i løpet av ei veke. I tillegg har vi skrive under på ein avtale om førehansmelding for konsekvensutgrreiinga. Sjølve utgreiinga skal starte i april. Det må vere positivt nytt for dei som ønskjer arbeidsplassar i Vikebygd, seier Helander til Grannar. Norsas AS skal utføre dette arbeidet for Helander, og det skal skje med forskotsbetaling. Helander er meir sparsom med opplysningar om to sentrale utfordringar for forbrenningsanlegget i Vikebygd: Å skaffe avtalar for nærmare 300 000 tonn søppel og industri på Dommersnes som skal ta imot straum til ein verdi av 60-70 millionar korner.
Helander har kontakt med Kværner Rosenberg i Stavanger når det gjeld lekteren og montering av anlegget.

FLEIRE SELSKAP I TRØBBEL

Det er ingen tvil om at Helander er i økonomisk trøbbel, og han var avhengig av ein redningsmann i tolvte time.Samstundes som Vikebygd Industripark er under behandling i Oslo skifterett på grunn av manglande aksjekapital, er selskapet hans Enebakkv. 131 under tvangsoppløysing av same grunn. I tillegg vart det opna konkurs i Paco Eiendom AS i slutten av september. Eit selskap Helander har brukt til utvikling og sal av eiendom. Eit prosjekt med dyre leiligheter tok knekken på Paco Eiendom AS.

Helander avviser at han no berre er ute etter å få selt Vikebygd Industripark og retten til å etablere eit forbrenningsanlegg på Dommersnes i Vikebygd.

Arkivfoto: Marit Eikehaugen. Ålfjorden, med plattform i opplag på Dommarsnesbasen.

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa