Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Møt Landbruksdirektøren i Rogaland, Jon Ola Syrstad på Bjoa !
Av: Elin Arianson 18.08.2004

Du har enda sjansen til å melde deg på Bygdeutviklingskonferansen 4.og 5. september. Landbruksdirektøren er mellom dei som kjem.
Kjem du ??

Gå ikkje glipp av denne sjansen til å bli inspirert, få nye kontakter og dele erfaringer med andre.
Å bu i ei bygd byr på andre utfordringar og mogelegheiter enn livet i ein by. For å trivast er gode bu- og oppveksttilhøve, arbeidsplassar, kulturtilbod, høve til rekreasjon og naturopplevingar mellom dei viktige elementa i heilskapen. Ulike ting er av større og mindre betydning for folk avhengig av mellom anna kva livsfase og familiesituasjon ein er i.
Om vi bur i ei stor eller lita bygd - er det viktig å setje fokus på dei tilhøva og kreftene som påvirkar endringar og føresetnader for bygdene.
Konferansen "Trivsel og Suksess i BygdeNorge" har fokus på nettopp å lukkast - å skapa det som er det gode livet for den einskilde av oss.

Suksessen er mellom anna avhengig av engasjement og deltaking.
Me håpar å sjå mange sambygdingar i lag med dei tilreisande på konferansen. Bli med i diskusjonane, høyr på føredrag, nyt maten og opplev Bjoa frå innsida!
Det hastar å melda seg på!
For info og påmelding: send ein e-post til konferanse@bjoa.no eller ta kontakt på telefon 53766965

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa