Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Sommarkvardag
Av: Elin Arianson 13.08.2004

Sommarferien er slutt for dei fleste, men det betyr ikkje at ikkje sommardagane kan nytast! Sjølvsagt er det hardt å jobba i varmen men nokre har ordna seg betre enn andre

Jarle Sangdsård jobbar for Aker. Normalt skulle Jarle tatt turen til Stord kvar dag, men denne veka har han vore å treffa i kontorfellesskapet på Buo. På eit lite kontor i 3. etasje har Jarle innstallert seg med pc og vifte. Pc-en brukar han for å jobba og vifta sørger for at arbeidsmiljøet ikkje går for varmt...
Det er tøft å vera på jobb igjen etter ferien, seier Jarle. Men han smiler når han seier det - og ser eigentleg ut til å trivast. Om han vil kan han ta seg ein dukkert i lunsjpausen - sjøen ligg rett utanfor kontordøra -men i dag valte han å kosa seg med ferske frukostbrød rett frå butikken - ute i solvarmen i lag med resten av gjengen på Buo.
Jarle fortel at han håpar på at det kan bli ei varig ordning at han kan jobbe frå kontoret på Buo. Han får så mykje meir ut av dagen då. Det er jo ein fordel både for arbeidsgjevaren og han sjølv.
For han har mange jern i ilden denne unge Bjoamannen. Han er litt sparsom med å fortelja om alt han held på med, men han røper i alle fall at han skal køyre go-cart i Haugesund denne helga.

Foto. Marit Eikehugen: Nordtun, Jarle sin barndomsheim

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa