Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Bygdeutviklingskonferanse på Bjoa i september
Av: Marit Eikehaugen 11.08.2004

Påmeldingsfristen er utsatt til 20. august.

Velkommen til Bygdeutviklingskonferansen "Trivsel- og suksess i BygdeNorge" på Bjoa 4. og 5. september 2004. Konferansen blir arrangert i regi av Bjoa Bygdeutviklingslag, BBU, i samarbeid med Ølen kommune og Fylkesmannen i Rogaland.

Elin Arianson, prosessleder for Bygdeutvklingsprosjektet på Bjoa, har sendt ut følgende invitasjon:

Trivsel og Suksess i BygdeNorge har ei positiv innfallsvinkel til vekst og utvikling for bygdene. Hovudmålgruppa for konferansen er politikarar, offentleg tilsette, næringsdrivande, ulike organisasjonar og andre med interesse og glød for bygdeutvikling i Hordaland og Rogaland. Konferansen er likevel open for alle og tar gjerne imot påmelding også frå personar med interesse for det aktuelle tema utanfor desse to fylka.

Ei bygd kan vera så mangt. Nokre er ganske små medan andre er større, såkall bygdebyar. Livet i bygdene er ikkje einsarta. Ulike bygder har ulike utfordringar og dermed også ulike måtar på møte utfordringane på. Dei mange aktive bygdelag og grendelag, ulike organisasjonar, regionale, nasjonale og internasjonale prosjekter som handlar om bygdeutvikling i ulike former og format, viser at det er mange som er opptekne av å bevare og vidareutvikle dei mange ressursane og kvalitetane som bygdesamfunn representerer.

Idear og løysingsmåtar frå ei bygd kan ikkje utan vidare overførast til ei annan. Det fantastisk spennande er likevel at idear frå ei bygd kan gi inspirasjon og idear til ei anna, noko som igjen skapar grobotn for vidareutvikling der den eine ideen kom ifrå.Slik kan positive spiralar voksa oppover og utover og alle som engasjerer seg kan vera med både å gi, få og utvikle.

Trivsel og Suksess i BygdeNorge har som mål å vera ein møteplass for kreativ tenking og deling av idear og suksessar. Det er ikkje utan grunn at denne konferansen vert lagt til Bjoa. Bjoabygda er ei svært levande bygd der mange av innbyggjarane er opptekne av å skapa "det gode livet" gjennom ei utvikling "innanifrå". Det er innbyggjarane sjølv som tar tak i utfordringane og kjem med kreative idear og praktiske løysingar og tar tak i mange av dei mogelegheitene som ligg i bygda. Samstundes er det fokus på samarbeid ut over bygda - i høve til større einingar, nettverk og eit nasjonalt og internasjonalt samfunn.

Deltakarar som kjem hit blir inviterte til både å få faglege påfyll gjennom spennande føredrag frå så vel lokale føredragshaldarar som eksterne bidragsytarar, opplevingar gjennom praktiske døme på ei reise i bygda samt eit spennande kulturarrangement og sist men ikkje minst bli inspirerte og sjølv inspirere andre gjennom faglege diskusjonar og sosiale settingar. Slikt gir rom for nettverksbygging.

Nøla ikkje med å melda deg på – og ver velkomen til konferansen Trivsel og Suksess i BygdeNorge på Bjoa i Ølen kommune 4. og 5. september.

Helsing Elin Arianson prosessleiar Bjoa Bygdeutviklingslag Programmet og påmeldingsskjema får du her. Du kan ringe kontoret: 53766965 /mobil 901 66 702/ privat 53768407 for påmelding.

Foto: Brosjyrens framside.

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa