Lykken finnes på Bjoa - Helselagsbasaren torsdag 27. september
Av: Marit Eikehaugen 24.09.2001

Hentet fra Kalenderen her på Bjoanett. - Sitat: Det største arrangementet Helselaget har i Sanitetsveka, er basaren. Det pleier vera trangt rundt borda i Helsehuset denne kvelden, - og skikkeleg god, gammaldags basar-stemning.

Gevinstbordet bugnar, og det må oftast til både seks og åtte åresalg. I år har komiteen fått Eirik Flesland, ein skoiar frå Ølensvåg, til å liva oss opp litt før salget startar. Det blir matøkt og trekking av bøkene til slutt. Hovudgevinsten i år er ei dokke i Sunnhordlandsbunad, men me har og stor duk, små dukar, kjøkenhylle med pyntehandkle og verktøysett. I fjor kom det inn over 30.000 kroner på basaren. Det er vert å nemna at komiteen plukkar sjølv ut nye komitemedlemer kvar haust, og velvillige damer i og utanfor medlemeslistene til Helselaget stiller opp, går med bøker og steller til basar. Kjempeflott! Og har du lyst å gi ein gevinst er me veldig glade for det! Av Liv Kari Bødtker. -sitat slutt.

Foto: Marit Eikehaugen. Fra Sanitetskvinnenes i Rogaland sitt kretsmøte på Bjoa i juni i år. Her går 120 stolte kvinner i tog fra Garkroken til Helsehuset. Bjoa Helselag stod for arrangementet.