Hage, familiedag på Bjoa
Av: Marit Eikehaugen  03.07.2017

Frivilligsentralen i Vindafjord: -Måndag 14. august kl 15-19 inviterar me til ein uformell ettermiddag i hagen hjå Jenny og Leif i Smedsvik på Utbjoa.

Denne dagen er planlagt av Flyktningtenesta, Mitt fargerike nabolag og Frivilligsentralen, saman med frivillige.

Me satsar på ulike aktivitetar som t.d fiske, ansiktsmaling, ballspel og quiz!
Det vil bli servert litt mat, til hyggelige priser, og mat frå fleire land J
Inga påmelding – møt opp – til ein ettermiddag der det sosiale vil stå i fokus!

Helsing frå Frivilligsentralen
T:​ 48 18 77 62