Bjoaspretten 2017
Av: Anne Sofie Sandvik  13.03.2017

O-gruppa i Bjoa idrettslag ønsker å stimulere til auka ferdsel i Bjoamarka og fjella omkring og inviterer derfor til ein uhøgtideleg konkurranse: Kom deg opp på flest mogleg fjelltoppar på Bjoa og bli med på Bjoaspretten!


Greier du 6 av 9 toppar i løpet av året og er under 16 år er du garantert premie.
Greier du alle toppane og er over 16 år er du med i trekninga av eit gåvekort.

På kvar topp er det ein bok med ein kode som til saman blir eit kodeord. Skriv dato og kode for når du var på toppen og lever ferdig utfylt skjema til Bjoa O-gruppe v/ Gro Johannessen innan 31.12.17

Det blir ein felles oppstartstur til Kyrkjenuten 19.mars kl 12 frå parkeringsplassen ved Vedvika. God tur og hugs kart og kompass!

Helsing Bjoa o-gruppe

Foto: Marit Eikehaugen