Etterlysing - gamle bilete frå hytta på Gråhogjo
Av: Ernst Arne Sælevik  24.03.2016

Det nærmar seg offisiell opning av den nye fjellhytta "under" Gråhorgjo. I det høvet held me på å samla inn bilete frå "tidlegare tider" av "Gamlahytto".

Dersom nokon, i skuffer og skap, i øskjer eller fotoalbumar har bilete med tilknytning til hytto, hadde det vore kjekt om byggekomiteen kunne fått lånt og laga ei samling av desse. Hytta vart bygt under krigen i byrjinga av 1940-talet. Bilete frå digitalapparatet sin tidsalder har me eigentleg nok av, så det må helst vera frå papirfoto-tidsalderen. Kven har det eldste biletet av Gråhorgjo-hytta?

Ta kontakt med innsamlaren Ernst Arne Sælevik mob. 41856251.

Foto: Den nye hytta.