Litterær aften 20. januar kl. 19.00 på biblioteket i Ølen
Av: Marit Eikehaugen  19.01.2016

Annonse: Møt det engasjerte forfattarparet i samtale: Geir Tangen med "blodfersk" krimbok: "Maestro" og Agnes L. Matre med to romanar, nå sist "Kledd naken". Krimekspertbloggar Geir presenterer også nyare norsk krim.

Mange har nok fått med seg at det i Haugesund bur eit aktivt forfattar- og bloggarektepar, nemleg Agnes Lovise Matre og Geir Tangen.

Geir Tangen si første bok: Maestro, er rykande fersk, i krimsjangeren og blir lansert 15. januar. I tillegg er Geir ekspert på ny norsk krim og ein aktiv krimbokbloggar.

Agnes L. Matre kjenner me som vindafjording og som forfattar av bøkene: Stryk meg over håret (2012) og Kledd naken (2015).

På Vindafjord bibliotek vil dei «bokbada» kvarandre og snakka om skriveprosessen og kvifor dei held på med å skriva. Dette har me tru på vil bli ein kjempe-kveld, med variert, underhaldande og tankevekkande innhald.

Kaffi, te, sjokolade. Inngang kr 50. Velkommen!

Helsing
Vindafjord bibliotek