Gråhorghytta
Av: Harald Hetland 11.12.2015

Som nok dei fleste som er innom Bjoanett har fått med seg, så er det i løpet av sommaren 2015 skjedd store endringar med hytta på Gråhorga.

Ved hjelp av mange gode støttespelerar og mykje god dugnadsinnsats, så står det no ei flott tømmerhytte ved Krokavatnet.

Hytta er på det næraste ferdig og kan brukast til overnatting framover, viss nokon ynskjer det. No i ein oppstartsfase ber med om at viss ein vil overnatte, så tar ein kontakt med Audun Haraldsen tlf 91624489. Dette for at ein ikkje skal risikera at det er fleire som har tenkt det same, og at ein må gjera vendereis.

Me satsar på å få til ei løysing der ein kan gå inn på nettet å bestilla hytta. Det er 4 køyer (2 doble) og ein må ta med sovepose.

Offisiell opning

Me satsar på å ha ein offisiell opning av hytta til våren, sannsynnlegvis i påsken 2016, men det vil annonsera nærare.

Foto: Liv Kari Bødtker