Blomstersalg på Helsehuset
Av: Liv-Kari Bødtker 27.05.2001

"Danskane" kjem på Helsehuset og sel sommarblomar onsdag 30. mai kl. 15.00.

Helselaget har, som vel alle veit, dagsenter for eldre - og andre som er heime og har tid - siste onsdagen i månaden. På mai-dagsenteret pleier me ha salg av sommarblomar. Så også i år! Onsdag kl. 15.00 stiller Blomstergartneriet i Ølen opp igjen. Dei har flotte blomar til ein rimeleg penge. Her blir det høve til å handla både for deg som vanlegvis går på dagsenteret, og andre. Alle er velkomne til å stansa igjen etter handelen og få kaffi og nysteikte vafler. Utlodding blir det og!