Piano på Helsehuset?
Av: Liv-Kari Bødtker 27.05.2001

Eit piano til å akkompagnera på ved diverse arrangement på Helsehuset har stått på ønskelista lenge. Nå kan me truleg få det til i samband med kretsmøtet for NKS i juni.

Som kjent står Bjoa Helselag som arrangør av kretsmøtet for Sanitetsforeningane i Rogaland helga 9.-10. juni. (De veit: "Kvinner viser vei" - og sanitetskvinnene i Ølen kommune skifta fylke for fleire år sidan...) Over 100 sanitetskvinner er påmelde til møtet på Brandøy denne helga. I samband med slike kretsmøte, pleier vertsforeninga ha eit lotteri med eit øyremerka føremål. Styret i Helselaget ønska at desse pengane skulle komma heile bygda, og ikkje berre laget, til gode. Difor har me bestemt at inntektene av lotteriet går til piano. Skulle det bli pengar til overs, treng me også fleire bord og stolar til huset.
Me kjem ikkje til å selja lodd rundt på dørane denne gongen. Edith Østenstad og Herborg Fosse har ansvar for utlodninga. Dei sat på Buo og selde laurdag 25. og kjem også til å sitja der laurdag 2. juni. Elles kan du ta kontakt med dei dersom du ønskjer kjøpa lodd eller gi ein gevinst til føremålet. Takk i alle fall! Bøkene blir trekte på kretsmøtet søndag 10. juni.