Vinn weekend-cruise med Fjord Line på Bjoanett!
Av: Jarle Sandsgård 22.05.2001

Bjoanett har gjennom vel eitt års drift blitt ein aktiv og godt besøkt nettstad, noko skriftlege og muntlege tilbakemeldingar vitnar om. At sidene er blitt slik dei er i dag skuldast i stor grad brukarane av sidene, og Fjord Line har nå sett opp eit weekend-cruise for to som premiere til ein av dei som bidreg med stoff til sidene.



Bjoanett vil gje noko tilbake til dei som er med på å gjere sidene til det dei er, og vil derfor trekkje ut ein vinnar blant dei som bidreg med artiklar og melding om arrangement i kalendaren.

Kvar artikkel som blir brukt vil telje som fem "lodd", medan kvar arrangementmelding tel som eitt "lodd". Redaksjonen (styret) i Bjoanett vil avgjere kva stoff som skal nyttast.

Premien vil kunne nyttast frå 27. september til 16. desember, så me startar "konkurransen" i dag (22. mai) og trekkjer ein vinnar 15. september.