INNBJOA BEDEHUS TAKKAR FOR STØTTE
Av: Sonja Toadalen Sælevik 09.11.2011

Styret takkar bygdefolket for all støtte og interesse i høve oppussing av Innbjoa bedehus.

Denne sommaren og hausten har det blitt drenert rundt Innbjoa bedehus, parkeringsplassen er blitt større, bedehuset har blitt pussa opp og fått nytt kjøken. På basaren og auksjonen forrige fredag kom det inn kr. 26.875,-. Til saman har bedehuset fått inn kr. 114.700,- i gåver frå folk i bygda og utanbygds, og utgiftene for alt arbeidet kjem på ca. kr. 175.000,-.

Det manglar ca. kr. 44.000,- for å få betalt alle beregna utgifter, og desse utgiftene må bli finansiert enten ved gåver eller rentefrie private lån. Styret i bedehuset bringer ei stor TAKK for all dugnad, støtte og interesse frå bygdefolket.

Foto: Marit Eikehaugen