Piano som treng å stemmast til jul?
Av: Anna Steinsland 03.11.2011

Fristar det å imponere med pianospel til juletregangen i år? Men i manko av ei tante som syng høgt nok til å overdøyve dei sure tonane, vert det kanskje a cappellaversjonen i år også?

I mitt tilfelle hadde det neppe vert nok med ei høglytt tante for å kamuflera sure tonar, men eit nystemt piano hadde kanskje hjulpet litt?

Per Klavér utfører stemming av piano på våre traktar, men han syns det er langt å reise kun for å stemma eit piano. Viss det er fleire i Bjoaområdet (+/- ei mil eller to) som ynskjer å få pianoet sitt stemt i nærmaste framtid er det fint om de tar kontakt. På den måten kan eg samordne stemminga og me kan dele reiseutgiftene til Per Klavér. Gi meg ein lyd om de er intressert!

Helsing
Anna Steinsland

E-post: annastein1@hotmail.com
Tlf: 970 19 941