Sommarfestival med ny brygge
Av: Hentet fra Grannar 09.06.2011

Grannar: Ei flett ny flytebrygge er komen på plass på Grindanes på Romsa. Fleire hundre dugnadstimar ligg bak.

Kommande søndag vert det, i samband med sommarfestivalen på Romsa, offisiell opning av den nye flytebrygga på Grindanes. – No skal det endeleg bli lettare for både folk med funksjonshemmingar, padlarar og folk i småbåtar å komma seg i land. Det gler me oss til, seier Kari i Bjoa Båtlag som står bak prosjektet.

Det heile starta då dei søkte Gjensidigestiftelsen om pengestøtte til universell flytebrygge. Då svaret kom, vart dei lovde heile 360 000 kroner, og det var berre å setja i gang med planlegginga.

Dommersnes kan fortelja at fleire hundre dugnadstimar er gått med på mellom anna å fylla opp massar, køyra sand, få armeringsmatter på plass, støyping og hellelegging. Det er også laga til eit treskjørt rundt fundamentet og flytebrygga er ankra opp. Ein langgang er på plass mellom flytebrygga og sjølve kaien, og det er montert fortøyningsringar på brygga. Kvar helg sidan starten på mars har mellom fire og ti personar stått på og lagt ned alle dugnadstimane, og frå Westcon har Reidar Matre stilt opp gratis med slepebåt og mannskap. Ein lekter, med både gravemaskin og andre maskinar vart slept ut, og sjølve flytebrygga er kjøpt ferdig på Etne Betong, der Erling Buajore tok turen og slepte brygga ut til Grindanes på dugnad.

Sommafestival
Kommande søndag er det klart for opning av brygga, og det er lagt opp til ein dag for heile familien. Frå Bjoa går det skyssbåt, og på Romsa blir det arrangert sal av både grillmat, fiskesuppe, kaffi og kaker. Johannes Eide kjem og vil bygga ein båt saman med ungane. Dette er ein ”byggesett-båt” og han håpar at fleire kan finna dette interessant. Det vert natursti, og det går visst rykter om at det skal finnast ein sjørøverskatt der også.

Torleiv Tveit stiller ut naturfotografi, og Dommersnes har stor tru på at det skal bli ein innhaldsrik dag.

Foto: Kari Dommersnes