Vellukka besøk i Stortinget
Av: Bjoanett 08.05.2001

Stor interesse i undervisningskommiteen for møtet med ungdommane frå Bjoa.

Fem representantar (godt i overkant av det me hadde forventa)møtte ungdommane frå fritidsklubben i Stortinget. Dei viste stor interesse for det me dreiv på med på Bjoa - korleis me har løyst heimeundervisninga, bygdeutvikling, kva me vil med privatskulen og kva muligheter me ser i montessoripedagogikken.
Inge Lønning (H) kunne fortelja at han kjem med ein interpellasjon 28.5. om behandlingstid av privatskulesøknadar.
Ein svært vellukka dag melder Agnes på telefon frå ein stad på Karl Johan medan ho ventar på telefonintervju frå NRK Hordaland.