Fritidsklubben har inntatt hovedstaden
Av: Fritidsklubben 08.05.2001

Fritidsklubben skal møte utdanningskommiteen på Stortinget kl 14.00 idag (8.5.). Agnes har møtt Trond Giske.

Fritidsklubben har hatt ei fin overnatting på Bogstad Camping i Oslo og førebur seg nå på møtet i Stortinget med litt shopping på by'n. Agnes og Richard kom til tigerstaden tidleg i dag og har gjort eit forsøk på få møte saksbehandlar for montessoriskulesøknaden i departementet. Dette lukkast (som venta) ikkje. Dei har i staden møtt Statsråd Trond Giske - på gata. Giske gjer ikkje saksbehandling på Karl Johan men Agnes fekk lagt inn nokre god-ord om søknaden.

Me kan venta referat frå Stortingsbesøket på Bjoanett seinare idag.

Det blir sansynlegvis ein rapport på NRK-Hordaland radio mellom 16.30 og 17.00.

Følg med