Bjoagjeng på cup-tur
Av: Anne Gunhilde Oma 11.06.2009

Helga 5. til 7. juni deltok 12årslaget på Sommarland Cup. Foreldre og søsken var med som supporterar.

Me var til saman 53 stk som reiste. Alle stua inn i ein stor, flott turbuss med Terje Bødtker som sjåfør. Stemningen på veg til Bø var høg. Fredags kveld kom me fram til folkehøgskulen me skulle bu på. Bjoagjengen disponerte to internat, så me hadde god plass.





Lørdag var det tidlig opp for å komma seg til Telemarkshallen og spela første kampen. Det blei tap, men kva gjer vel det når me skal i Sommarland å bada?





Store og små kosa seg heile dagen. Klokka fire var det ny kamp og nye forhåpningar om seier.





Terje Bødtker hadde lova at laget skulle få klippa av hestehalen hans om dei vann. Men, nei, det blei tap igjen. Men, det skal dei ha, spelarane blir ikkje sure og nedfor av den grunn. Me drog tilbake til skulen, der det var tid for leik og moro, grilling og "privatkamp" mot Ås sitt guttelag.

Søndag var det nye muligheter. Bjoa hadde kamp mot Vedavåg. Det blei ein jevn og spennande kamp. Bjoa klarte å scora, og det var ein svært spent stemning på tribunen og langs sidelinja. Skulle halen til Terje ryka i dag?





Og jammen blei det seier! Terje er ein mann som står for det han har lova, så det var berre til å finna fram saksa.





Erik Hetland var målscorar, så han fekk stå for klippinga, til full jubel fra små og store.





Det blir nok eit minne dei kjem til å huska lenge. Takk til alle som var med på ei knallkjekke cup-helg!

Foto: Anne Gunhilde Oma