Miniatyrskyting på Bjoa
Av: Nils Terje Oma 22.02.2009

Bjoa miniatyrskyttarlag har lege i dvale nokre år. Det er det ein del personar som ynskjer å endre på.

Kvar torsdag framover vert det skyting i kjellaren på Bjoa skule.
Der har me som mange veit ein flott bane. Vi har og 4 gode mauser kaliber 22 rifler, og vi har 2 topp luft konkuranserifler.

I tida frå 18:30 - 20:00 er det dei som fyller 12 år i 2009 og eldre som får skyta. Frå kl. 20:00 er det vaksne.

Skyting er ein sport som passar like godt for begge kjønn. Det er påbudt med hørselvern i lokalet, men det får du låne. Denne våren kostar det ingenting å vera med på skytinga, alt er gratis. Så velkommen til alle som vil konkurrere med seg sjølv og andre.

Arkivfoto: Marit Eikehaugen. Fra miniatyrskytebanen på Bjoa