Bjoamarknaden 2001
Av: Anne Gunhilde Oma 28.03.2001

Fjorårskomitèen har hatt møte, og er enige om å ta fatt endå eit år.
Datoen er sett til lørdag 1. september.
Me ser i år for oss ein marknad i mindre omfang enn føregåande år.
Tanken er òg at me ikkje treng gjere dei same tinga år etter år, men få litt variasjon.

Heile bygda eig i marknaden og kan vera med å påverka korleis den skal
utvikla seg. Her er det berre til å vera med ved å gi innspel, vera med å arrangera, hjelpa til med praktiske ting osv. Komitèen kan ikkje klare alt åleine – me treng mange medhjelperar.

For ikkje lenge sidan presenterte Marit Eikehaugen ei lang og imponerande liste over lag og organisasjonar på Bjoa. Den viste verkeleg at Bjoa er ei svært aktiv og engasjert bygd. La oss visa dette fram til alle! Bjoamarknaden er ei flott anledning til å gjera noko ekstra for å få presentert seg.
Utfordringa går herved til alle våre lokale lag og organisasjonar om å bruka denne dagen til å profilera seg. Lag gjerne til ein stand, eller bruk kreativiteten til å finna på noko anna. Her kan det vera muligheter for å få litt pengar i lagskassa…
Ta kontakt med underskrivne, så skal komitèen ta på seg å koordinera dei forskjellige stands, aktivitetar o.l.

Me har òg enkeltpersonar i bygda som kan og held på med mykje forskjellig,lagar ting etc. Gi oss tips om desse!!

På møtet me hadde sist vart det kasta fram nokre idèar som kan vera aktuelle å ta fatt i;
Hobbykrok – som nevnt ovanfor har me mange flinke folk i bygda som malar, strikkar, syr, snekrar etc.
Blomar - kva med ein plass der ein kan få kjøpt seg blomar, eller kanskje byta røter, løkar o.l.
Gamle bilder – på marknaden i fjor vart dette svært godt mottatt.
Dette kunne ein godt gjort meir av i år.
Bjoa...-I fjor kåra me ”Bjoakako” – kom med forslag til kva me kan kåra i år!

Anna som kan vera aktuelt:
Konkurransar – I Sandeid har dei tevling i blomsterdekorasjon – kom med forslag til tevling som me kan ha på vår marknad.
Foto -I bygda vår er det mange gode amatør-fotografar. Hadde det vore
ein idè å få presentert bygda i bilder? Ulike kategoriar?
Kom med innspel!!!

Har du tips/idèar å dela med oss? Har du lyst å vera med?


Ta kontakt med Anne Gunhilde Oma
telefon 53 76 99 01 (privat)
telefon 53 77 53 08 (arbeid)
e-mail: oma@granberg.no