Nye bilder til internett-kafe-pc-en?
Av: Jarle Sandsgård 27.03.2001

Då butikken opna i februar, opna ein og internettkaféen. Bakgrunnsbildet på PC'en er eit vinterbilde frå Innbjoa kai, og det burde kanskje byttast ut etterkvart?

Bildet blei teke då snøen kom i romjula, men sjølv om dette er fint nok bør ein kanskje finne eit nytt bilde for å vise kor fint det er om våren?

Viss folk har bilder frå Bjoa som kunne passe, skal me få lagt det som bakgrunnsbilde på PC-en, som blir flittig brukt. Får me inn fleire gode bilde kan me kanskje leggje opp ein skjermbeskyttar som viser dei ulike bildene. Sjølvsagt vil me opplyse om kven fotografane er.

Og viss nokon der ute har noko som kunne passe som premie, kunne me kanskje ha laga til ein liten konkurranse med trekning i påsken eller noko slikt.

Konkurranse eller ikkje, har du eit bilde du vil vise fram kan du gjere dette ved å sende det til Bjoanett.