Kritisk til sandblåsing
Av: Hentet fra Haugesunds Avis 21.04.2008

Haugesunds Avis: Hamnesjef Kari Dommersnes og andre i Bjoa har sett seg grundig lei på fraktbåtar som legg seg uti fjorden og driv utvendig sandblåsing og maling. Laurdag flaut det med malingsflak i Apalvik. Av Geir Tangen.

BJOA: For andre gong på to veker sette ein sandbåt i gong med utvendig vedlikehald av skroget midt ute i Bjoafjorden laurdag. Arbeidet pågjekk heilt til søndag formiddag, og etter seg har båten lagt lange render med blåsesand, spraymaling og mal-ingsflak.

No spør Kari Dommersnes som er hamnesjef i Bjoa Båtlag, om dette er lovleg.

– Det er ikkje tvil om at dette er forureining, og avfallet båt-ane legg att er spesialavfall som ein ikkje kan sleppa rett ut i sjøen, seier ho.

Dommersnes er uroa over at dette skal øydeleggja fine badestrender i bygda, og ho peikar og på at det er fiskeoppdrett i nærleiken som kan verta råka av giftene frå dette avfallet.

Les hele artikkelen i Haugesunds Avis.

Foto: Kari Dommersnes. Freyfaxi midtfjords i Bjoafjorden.