Inga seriehelg for Bjoa sine volleyballjenter
Av: Bjoa Volleyballgruppe 16.03.2001

Denne helga er det seriehelg i Haukelandshallen, Bjoa sitt jenter 17-års lag skulle debutere i 1.divisjon og gledde seg stort. I dag vart det bestemt at laget måtte trekkje seg.

Me hadde gleda oss til å reise til Bergen og spele i 1.divisjon denne sesongens siste seriehelg. Men i ettermiddag vart det bestemt at laget diverre måtte trekkje seg frå helgas arrangement. Dette p.g.a at nokon av spelerane var skada, nokon småsjuke, og at me i tillegg mangla leierar. Spelerar og trenar, Agnes, vart nok litt skuffa over å ikkje kunne delta.

Men me lovar og komme sterkare tilbake ved seinare anledningar!