Ny e134 gjennom Ølen
Av: Torleif Heggebø 16.03.2001

Representantar frå 29 store og små bedrifter i heile Ølen kommune starta torsdag arbeidet med ein ny e134 gjennom kommunen. Frå før har ein Europaveg 134 (E 134). Den nye kommunikasjonsvegen - e134 - blir om kort tid å finna på Internett.



Etter initiativ frå Ølen kommune har kommunen og næringslivet gått saman i eit selskap, som skal leggja til rette for, og bidra til ei felles satsing på informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT). Stiftinga e134 er namnet på det nye selskapet.

Formålet er å auka kompetansen innan IKT og gi grunnlag for auka vekst i lokalmiljøet. Satsinga er meint å koma så vel kommunen, som næringslivet, lag og organisasjonar og innbyggjarane flest til gode.

Nytt døme på samarbeid
Bedriftene i Ølen fornektar seg ikkje. Samarbeid har mang ein gong vore vegen å gå mot løysing på ulike utfordringar. Så også nå når styresmaktene legg opp til storstilt satsing på nettbasert kommunikasjon, 24-timars forvaltning og breiband til alle innan utgangen av 2004. For å nå både dette målet, og målet om at Noreg skal vera i fremste rekke når det gjeld innføring og bruk av nettbasert kommunikasjon, vert kommunar og næringsliv utfordra.

Dei 29 bedriftene, som i denne omgang har skote inn eigarkapital i e134, utgjer over 15 prosent av alle bedrifter - små som store - som i dag er registrert i Ølen kommune, noko som klart viser både interessa for IKT og behovet for det nye selskapet. Det er til no teikna eigardelar for 265 000 kroner. Fleire andre bedrifter har også vurdert å gå med i stiftinga, og meininga er å opna for nyteikning av eigardelar innan kort tid. Sjølv om det i denne omgang berre er kommunen og næringslivet som er med, legg stiftinga sine vedtekter opp til at også organisasjonar, lag, foreiningar og enkeltpersonar på eit seinare tidspunkt skal kunna teikna seg for eigardeler.

Mange arbeidsoppgåver
Tilgang på breiband er noko alle medlemsbedriftene har ytra ønskje om, og blir mellom dei prioriterte arbeidsoppgåvene for det nye selskapet. e134 skal dessutan vera ein støttespelar i utviklinga av informasjons- og kommunikasjonsteknologien i bedrifter i kommunen.

Det skal også lagast ein ny portal på Internett for selskapet, der mellom anna Ølen kommune sine suksessrike sider kjem til å inngå som ein eigen del. Godt over 80 000 treff, som desse sidene har hatt sidan oppstarten for vel eitt år sidan, lovar godt for treffprosenten når den nye portalen kjem på lufta. I mellomtida kan interesserte finna stoff om stiftinga og IKT-satsinga i Ølen kommune på kommunen sine sider, www.olen.kommune.no og på Bjoanett sine sider for dikusjonsforum

Det første styret
Arne Haldorsen frå Ølen Betong AS vart på generalforsamlinga vald til selskapet sin første formann. Med seg i styret får han nestleiar Karl Berge, Ølen kommune, Kristian Resset, Spindelveven Internett AS, Odd Johannes Lien, Liens Rosemålarverkstad og Sigmund Lunde, Omega AS. Personlege vararepresentantar vart Lars Gunnar Berge, Berge Sag og Trelast AS, Jan Husebø, Ølen kommune, Torbjørn Hamre, Granberg AS, Margareth Onarheim, Plassabakeriet og Eiolf Berge, Omega AS.

Den nye valnemda vert leia av Kjell Tore Helgeland, Ølen kommune, som får med seg Jarle Sandsgård, Bjoanett og Bjørn Vik, Plassabakeriet.



Kontaktperson:
Torleif Heggebø, dagleg leiar
Telefon53 76 67 18 (a)
53 76 86 55 (p)
Mobil906 38 074
Epost torleif@webmail.no