KULTURVEKE
Av: Marianne Vee 20.02.2001

Bjoa skule, FAU og barnehage arrangerer "Kulturuke" denne veka(veke 8)!
Det er åpent hus mandag og tirsdag.

I veke 8 (19. til 23. februar)arrangere skule, FAU og barnehage på Bjoa kulturveke. Mandag og tirsdag vert det halde masse kurs frå kl 1800 til 2000. Kurs som blir arrangert er maling, snekker-, line-dans, miniatyrskyting, og masse aent for einkvar smak. For dei aller minste (før skulealder) er det i dag eventyrstund i det nye biblioteket kl. 18.00-18.45. I det gamle biblioteket er det kafe der du kan få kjøpa kaffi, boller, saft og masse anna snadder. Det er og åpent i barnehagen, så dei minste kan jo vera der å leka.

Dette var jo litt om det som skjer, og me som har ungar i barnehage eller på skule har jo fått med oss dette. Men kva med andre/ nye innbyggarar, korleis har dei fått informasjon om dette arrangementet, og kvifor har eg ikkje lest noko om dette på Bjoanett. Det er ikkje noko problem å skriva eit innlegg på Bjoanett, for eg har nett gjort det, og eg fekk det inn med t-skjei. Poenget mitt er at dei som er med å arrangerer denne kultuveka skulle lagt inn dette arrangementet på "kalenderen" for lenge sidan, og etter det skulle det stått om dette og hint i tid og utide. Det er i allefall masse informasjon om dette opplegget som ikkje eg heller veit. Kansje andre kan fylla ut for meg før dagen er omme.