Ei flaske eller eit glas?
Av: Jarle Sandsgård 19.02.2001

Dagens lekser:


1) Lær spanske uttrykk for “ei flaske” og “eit glas”

2) Hugs plassering av kniv og gaffel under eit måltid

3) Ein MÅ ikkje drikke alt sjølv om ein blir servert ei heil flaske



Det tok ikkje lange tida før eg lærte at eg nå er i Catalonia. Det er rett nok i Spania, men folk her har sitt eige språk og på ein måte ser dei på seg sjølv som ein eigen nasjon. Språket er ulikt spansk, ein spansk-talande person forstår ikkje catalonsk. Eg skjønar ikkje nokon av delane...

Som tidlegare nevnt går ikkje mi skriving heilt etter planen. Eg hadde planar om å la folk få kjennskap til bakgrunnen for min tur til Spania før eg la ut om korleis eg har det, men nå ser eg at me får ta det litt om ein annan.

Det er vanleg med lange lunsjpausar her nede; to timar er ikkje uvanleg. Lørdag var telesenteret stengt mellom kl 13 og 15:30, så eg hadde god tid til både å ta meg ein tur rundt i byen og på restaurant.
På restauranten fekk eg det samme problemet som eg etterkvart er blitt van med, eg måtte gjere meg forstått utan å kunne snakke.
Med ei salig blanding av spansk/catalonsk, armbevegelsar og dyreetterlikningar blei eg forklart kva dagens meny bestod av. Nederst på menyen kunne eg sjå prisen og nokre få ord som eg reknar som den spanske utgåva av “inkludert” og “vin”. Mi bestilling blei salat, makaroni-eit-eller-anna og “nøff”.

For 80 kr for alt saman rekna eg med at eg ville få eit glas vin, så eg blei nok ein smule overraska då servitøren sette ei heil flaske på bordet.
Lekse nummer 1: Lær spanske ord for “flaske” og “glas”.

Maten blei servert, og det var ingenting å seie på mengda. Difor tok dette si tid, og eg tok ein del pausar. Det var i ein slik pause at eg, utan å tenkje meg om, la kniv og gaffel frå meg på feil måte slik at servitrisa trudde at eg var ferdig og ville ta tallerkenen.
Lekse nummer 2: Hugs plassering av kniv og gaffel.


Litt bakgrunn for reisa
Gjennom Kåre Frøland har eg frå Europakontoret blitt tildelt eit stipend frå EU sitt prosjekt “Leonardo da Vinci”, som blir summert opp til å vere eit program for å auke sysselsetting og næringsutvikling.
Stipendet dekkar reisa og opphaldet her nede.

Kåre kunne ein gong etter nyttår fortelje at ein ville bli tildelt eit stipend for å reise til Spania i løpet av året, men at det var ein del formalitetar som måtte ordnast. Kvifor akkurat til Spania kjem eg tilbake til. Tida gjekk, utan at ein fekk noko tilbakemelding. Ikkje før forrige torsdag, då ein kort fortalt fekk beskjed om at eit av krava til prosjektet var at ein måtte vere borte i to veker, og heime før 1. mars, og at tidsfreistane dessverre var gått ut. Torsdag forrige veke kom kontra-beskjeden: Om me framleis ville reise, kunne dette ordnast.


..og vinen?
Lekse nummer 3.
Det var ingen ustø gjest som gjekk frå restauranten, men nok er nok...

Med helsing
Jarle Sandsgård, Ribes de Freser, Spania