Helsing frå Ribes de Freser, Spania
Av: Jarle Sandsgård 17.02.2001

Eg sitt nå på eit telesenter i Ribes de Freser, nord for Barcelona. Folk reiser som oftast til Spania på ferie, men eg er her for å prøve å knytte kontaktar og lære noko. Nå vil borgarmeisteren her nede komme i kontakt med folket der heime.

Heilt frå eg reiste heimefrå har eg hatt store planar om å skrive "reisebrev" i kronologisk rekkjefølgje, og skrive litt om bakgrunnen for kvifor eg er her nede.

Nå har eg måtta endra litt på dei planane, for borgarmeisteren her vil svært gjerne få til eit samarbeid med oss, snarast mogleg. Og med snart meinar eg med ein gong, borgarmeisteren kom inn på senteret for å snakke med meg i formiddag óg.

Riebes de Freser er ei av seks bygder i ein dal der lågaste punkt er 900 moh. Den største bedrifta her er ein fabrikk med 300 tilsette som produserer plastdeler til data-utstyr, og den nest største sel vatn på flasker.
Elles er det tre ski-senter her, og dei fleste butikkane (og hotella) overlever difor pga turisme.

Det er mykje som er likt mellom bygda her og heime. Folk vil gjerne bu her, men det finns ikkje jobbar for folk med høgare utdanning.
Folketalet går nedover og ungdomsskulen står i fare for å bli nedlagd. Nokon som kjenner seg igjen?

Her er to parti, og borgarmeisteren sitt parti har vanlegvis ikkje makta, men ved valet for to år sidan fekk han eit knapt fleirtal.
Etter det har han jobba iherdig med å få folk til å bli verande i området, og til å komme tilbake. Kommunen har i hans tid bygd opp eit telesenter, dvs eit bygg som inneheld det ein treng på eit kontor, og meir til. Alt blir gjort for at folk skal kunne sitte her og jobbe for firma andre stader. Kommunen har betalt alt, og folk betalar ei lita avgift for å kunne nytte det.

Problemet som borgarmeisteren nå slit med, er det som ein med eit ord kan kalle for avendssjuke. Sjølv om senteret her går bra og borgarmeistaren har fått vist at dette har noko for seg, fryktar han at han skal miste makta ved neste val. Og då er det kroken på døra for hans satsing, sidan dette ikkje var det andre partiet sin idé. Eg stussa litt på dette, men blei forklart at slik er det.

Nå er det ikkje berre telesenteret borgarmeisteren er oppteken av, han arbeider hardt for bygda. Og det er her han håpar på eit samarbeid med oss der heime, for å kunne styrkje bygda enno meir.
Så er det nokon som har forslag til korleis ein kan få til eit samarbeid der begge partar tener på det, så send ein e-post til Jarle Sandsgård, eller ta i bruk eit diskusjonsforum.

Her er det berre til å leggje hovuda i bløyt og komme med idéar!

Eg kjem tilbake med meir seinare.

Med helsing
Jarle Sandsgård, Ribes de Freser, Catalonia, Spania.