mix.trening i volleyball kvar mandag
Av: Agnes fosse 12.02.2001

I haust starta volleyballgruppa opp med mix-trening. Bli med og sjå kor kjekt me har det.

damer og herrer av alle samfunnslag og i alle aldrar over 1.60 i høgde er velkomne. Her er uformell trening og sosialt samkvem kvar mandag i gymsalen.
Me treng enno meir bredde for å yta det besta.

Vekas beste treningskommentar: Knut Magne i mottak ropar: KEEPER!!!

Du treng ikkje vera ein god keeper for å kunne spele volleyball, men klart er det ein fordel. Me har og hatt innom nokon fotballspelarar som gjorde eit utmerka inntrykk. Dessverre har dei no svikta til fordel for fotballen, så då søkjer me andre mosjonslystne. Det stilles ingen krav til førkunnskap. Einaste krav: Ikkje still på trening og tru at du kan få stå i mål.
På bildet ser ein Knut Magne Østenstad i volleyballstil, Bjørg Hetland, Anett Sørensen og den einslege foten tilhøyrer Hilde Gundersen.