Buo Landhandel 1 vekes jubileum - gratulerer
Av: Bjørn Johannessen 07.02.2001

Kåre Nymark er godt nøgd med oppstarten. Tilbakemeldingar frå kundene og ikkje minst omsetnad lovar godt.

Allereie frå kl 9.00 opningsdagen byrja kundene å strøyma til butikken. Forventningane var store og me som kunder er ikkje skuffa.



Støtte frå bygda (kundene) har vist seg gjennom dugnadsinnsats og blei markert ved Bjoa Bygdeutviklingslag på opningsdagen. .



Det har vore mange tankar framme om tilleggsaktiviteter som kan skapa liv rundt butikken. Første dagen fekk me eit godt eksempel frå kreative ungdomar som hadde avtalt salgstand for si elevbedrift..



Utover dagen strøymde folk til og alle kjøpmenns draum, kø framfor kassapparatene, blei verkelighet. .



På tross av litt tekniske oppstartproblem blei me møtt av blid og opplagt betjening som hadde jobba hardt med førebuingar lenge før butikken opna. .



I den nye drøsestova samla folk seg (så mange at det måtte hentast fleire stolar) og borda blei etterkvart fylt med blomster og gratulasjonar frå kunder og levrandørar. .



Sentralt på kaffidisken var ei svær kake frå Brødrene Langeland >(god kake som "fekk bein å gå på").


Kommunens første Internettkafè var i drift frå opningsdagen. Spindelveven held maskin og linje ut i verden. .



Både kunder og levrandørar har uttykt tru og tillit til at Kåre, Vigdis og Vibecke vil lage ein god butikk for oss. Etter ein periode utan butikk har det gått opp for mange av oss kor viktig det er for bygda å ha butikk og ein plass å møtast. Då blir det opp til oss kunder om butikken skal blomstra - det er ikkje på alle områder me så direkte kan påverka ei positiv utvikling for vårt eige lokalmiljø.



Me gratulerer og ynskjer lukke til i ein krevjande men kjekk jobb.

Helsing familien Johannessen