Korleis vidareutvikla kulturarbeidet/tilbodet i Bjoabygda?
Av: Bjoa Bygdeutviklingslag v/Harald Hetland 25.09.2000

Idedugnad for å gjera Bjoabygda enda meir attraktiv som bu og oppvekstplass.

Bjoa Bygdeutviklingslag har som mål å jobba for at Bjoa vert ein god plass å bu, i tillegg til å jobba for aktiv næringsutvikling.

Me kallar difor alle interesserte inn til eit idêmyldringsmøte med tema:

KORLEIS VIDAREUTVIKLA KULTURARBEIDET/TILBODET PÅ BJOA?



TID OG STAD: FREDAG 29.09. kl 20.00 på Bjoa Skule.



Gjer dette kjent for folk som du trur er interessert, og velkommen på fredag.