Flaggheising på Apalvikfeltet
Av: Anders Lunde 16.05.2005

Fyrste pinsedag kl 0900 var det høgtidleg flaggheising på den nye flaggstonga i Apalvikfeltet.

Endeleg har Apalvikfeltet fått si eiga flaggstong og rasteplass. Stonga er sett opp på friområdet i øvste del av feltet med strålande utsikt. På biletet ser me Sigmund Tveit og Ingrid Søndenå heise flagget til topps for fyrste gong. Dei og resten av gjengen rundt har saman gått i lag om å få til dette.